Familiedag i Brekkeløypa
Brekkeløypas Venner og Knarvikmila inviterar til:
Familiedag i Brekkeløypa
Bli med på ein kjekk familiedag i Brekkeløypa søndag 6. april 2025 kl. 12:00-15:00!
Brekkeløypas Venner og KnarvikMila inviterer til ein spennande og morosam dag for heile familien. Her blir det aktivitetsløype rundt heile Brekkeløypa, med postar fulle av artige aktivitetar og ein quiz der du kan testa kunnskapane og konkurrera om flotte premiar.
Kva kan du venta deg?
Aktivitetsløype med spennande postar og quiz.
Flotte gavekort på kr. 1000 til dei to som samlar flest poeng.
Gavekort/trekningspremiar der alle har sjansen til å vinna.
Nydelige vaflar, saft og kaffi frå Brekkeløypas Venner.
Gratis T-skjorte til alle som deltek!
Kåring av vinnarar og trekning av premiar kl. 14:30.
Bli støttemedlem og støtt det viktige arbeidet!
Brekkeløypas Venner gjer ein fantastisk jobb med å halda Brekkeløypa fin og tilgjengeleg for oss alle. Dei grusar, klipper kantar, ryddar, set opp og vedlikeheld benker og fuglekasser på dugnad gjennom heile året. No treng dei di støtte for å fortsetja dette viktige arbeidet.
Me lanserer støttemedlemsskap på familiedagen, og oppfordrar alle til å bli med!
Det kostar berre kr. 100,- per person per år, og bidrar direkte til at me kan halda Brekkeløypa i topp stand.
Bli med på familiedagen og støtt Brekkeløypas Venner – saman gjer me Brekkeløypa til ein enda betre stad for oss alle!