Stolpejakten opnar 9. april kl 1200
Me ynskjer deg velkomen til ny stolpejakt-sesong.
Stolpejakten opnar 9. april kl 1200. Det vert eit arrangement i Knarvik Senter, der ein markerer opninga. Meir om opninga i Knarvik Senter kan ein lese her.
Stolpejakten i Alver vert arrangert av Knarvikmila. Knarvik senter og Alver kommune er samarbeidspartnarar. Stolpejakten er eit lågterskeltilbod for alle som ønskjer å koma seg ut på tur. Du kan jakta på stolpar i mange av dei vakre turområda i Alver kommune. Fleire av stolpane er òg tilgjengelege for rullestolbrukarar og med barnevogn. I 2021 var det nesten 12.000 som deltok og som var på nesten 233.000 stolpebesøk. Det var ca. 950 som besøkte alle dei 65 stolpane.
Stolpejakten går føre seg både i bustadområde og i etablerte tur-område, og me ber om at alle deltakarar viser omsyn på veg til stolpane og ved parkering. Bruk bossdunkar, og hugs bandtvang. Når du går på innmark, er det viktig å følgja stien.
Her kan du laste ned PDF-fil av kartet.
Stolpejakt-appen finn du som har iPhone i App Store, medan den er tilgjengeleg i Google Play for deg med Android smarttelefon.
Skann QR-kodane på stolpane du finn med appen. Stolpar som vert registrerte med appen vert synkroniserte med heimesida (stolpejakten.no) når den er kopla til internett.
Facebook: Stolpejakten Alver
Instagram: @stolpejaktenalver - tagg bileta med #stolpejaktenalver.
Generell informasjon om Stolpejakten finn du på www.stolpejakten.no.