Stolpejakten Alver 2021

Velkomen til Stolpejakten i Alver!

stolpejakten 2021.jpg

Stolpejakt-sesongen i Alver startar 27. mars kl 1200, og vert avslutta 31. oktober. Kvar registrerte stolpe gjev deg eitt lodd i trekninga av flotte premiar. Premiar vert trekt ut kvar månad. I tillegg vert det del-premiering under KnarvikMila, søndag 5. september og etter at Stolpejakten er avslutta 31. oktober

Stolpejakten i Alver vert arrangert av Knarvikmila og Knarvik senter. Stolpejakten er eit lågterskeltilbod for alle som ønskjer å koma seg ut på tur. Du kan jakta på stolpar i mange av dei vakre turområda i Alver kommune. Fleire av stolpane er òg tilgjengelege for rullestolbrukarar og med barnevogn. I 2020 var det nesten 9000 som deltok og som var på nesten 200.000 stolpebesøk. Det var ca. 750 som besøkte alle dei 65 stolpane.

Stolpejakten - slik vert du med!

Dei 65 stolpane er plasserte rundt i kommunen, frå Syltneset i vest til Eidaåsen aust. Stolpane er omlag 1,30 m høge og merka med nummer og bokstavkode. Stolpane har òg ein QR-kode som kan skannast og registrerast ved bruk av Stolpejakten sin app på smarttelefon.

Last ned appen «Stolpejakten» gratis på App Store eller Google Play til din smarttelefon og ta med telefon på tur. Det kan vera lurt å lasta ned app og ønska kartområde medan ein er tilknytt WIFI (Stolpejakten i Alver er eit kartområde). Skann QR-kodane på stolpane du finn med appen. Stolpar som vert registrerte med appen vert synkroniserte med heimesida (stolpejakten.no) når den er kopla til internett.

Facebook: Stolpejakten Alver

Instagram: @stolpejaktenalver - tagg bileta med #stolpejaktenalver.

Generell informasjon om Stolpejakten finn du på www.stolpejakten.no.

Om du ikkje vil bruke appen eller får det ikkje til, kan du laste ned eit kart her: Stolpejakten Alver 2021

Ta med deg kartet ut på stolpejakt, finn stolpane og noter ned bokstav-kodane du finn på stolpen. Når du kjem heim, gå til www.stolpejakten.no og registrer kodane du har funne. For å registrera elektronisk krev det ein konto. Dei som var med i Stolpejakten 2020 kan bruke same kode og passord ved pålogging.

Knarvikmila Admin