Knarvikmila også i 2020!

Brynje Furnes Berland i fint driv på Ungdomsmila i 2018.

Brynje Furnes Berland i fint driv på Ungdomsmila i 2018.

Det er med stor glede vi kan annonsere at det blir KnarvikMila i år! For at det skal bli eit trygt arrangement med tanke på smittevern, vil det bl.a. bli begrensning på deltakartall, i tillegg til fleire andre tiltak. Det kan vere lurt å melde seg på tidlig i år, då vi kun kan ha 200 deltakarar på kvart løp.

KNARVIKMILA 2020 blir delt opp i 8 ulike arrangement

Fredag 28.8 - fredag 4.9: NaturMila /Stolpejakt NaturMila.

Lørdag:

11.00 : Volvat-stafetten - maks 200 deltakarar (40 lag)

12.30 : 5 km FAMILIE - maks 200 deltakarar (tid over 35 minutt)

14.30: 5 km – MOSJON - maks 200 deltakarar (tid mellom 25 og 35 minutt) 

16.30 : 5 km – AKTIV - maks 200 deltakarar (tid under 25 minutt)

Søndag: 

11.00 : KM Mila – FAMILIE - maks 200 deltakarar (tid over 60 minutt)

13.30 : KM Mila – MOSJON - maks 200 deltakarar (tid mellom 50 og 60 minutt) 

16.00 : KM Mila – AKTIV - maks 200 deltakarar (tid under 50 minutt)

18.00 – Trekning premier på Facebook Live - KnarvikMila

MERK! Tidene som er set opp på 5km og 10km er berre veiledande og indikerer slutt tida du reknar med å kommi i mål på!!

Som Gjert Ingebrigtsen seier «Ingen grunn til å ligge på latsiden i sommer», så gjør deg klar til KnarvikMila i september! Vi gleder oss til årets happening på Knarvik! 

Obs: dei som alt er meldt på ,vil verta kontakta på epost. Dei er alt sikra deltaking.

Knarvikmila Xtrem - AVLYST
Dette arrangementet har tidlegare gått fredag kveld, men vi har valt i år å holde oss til to arrangement dagar for å holde smittefaren minst mulig.

Knarvikmila Halvmarathon - AVLYST
Dette løpet har vanligvis avslutta konkurranse programmet, men i år har vi valt å konsentrere alle våre ressursar til arrangement der alt går rundt Knarvik Stadion.

MiniMila / KnøtteMila - AVLYST

Det siste vi ønsker er å avlyse aktivitetstilbud for barn. Utfordringa med dette arrangementet er at vi samlar ca. 1000 deltakarar med foreldre. For dei aller yngste vil foreldre springe med borna. Vi ser at dette arrangementet ikkje kan arrangerast i trå med gjellande smittevernregler.

UngdomsMila - AVLYST

UngdomsMila samlar vanligvis ca. 2700 ungdommar + lærarar og arrangørar. I dag er det tillat med 200 deltakarar. Av denne grunn lar ikkje UngdomsMila seg arrangere. I tillegg har vi vanligvis ca. 100 pensjonistar som funksjonerer. Vi ønsker ikkje å samle så mange pensjonistar.

Pensjonistseminaret - UTSETT

Dette arrangementet må ein utsette grunna Covid-19 og smittevernregler. Vi kan ikkje samla 500 pensjonistar, som er i risikogruppa, i august. Ein håpar at det er mogleg å få til Pensjonistseminaret i oktober/november.

Knarvikmila Admin