Gratis deltaking på barneløpa i 2024

Sparebanken Vest sørgar for gratis MiniMila og KnøtteMila også i 2024!

Det er mange som slit litt økonomisk for tida, og då særleg barnefamiliar. I 2023 bestemte vi oss difor for å gjennomføre barneløpa MiniMIla og KnøtteMila gratis for alle barn. Dette blei ein stor suksess med flotte tilbakemeldingar frå både barnefamiliar, samarbeidspartnarar og kommunen som satt stor pris på initiativet vårt.

Då vi søkte Sparebanken Vest om midlar til å kunne gjennomføre gratis barneløp i 2024 var dei ikkje vanskeleg å be. Vi fikk midlar til å kunne ha gratis påmelding, startnummer, T-skjorte og medaljar til alle barn som deltek. Vi fekk også midlar til underhaldning, so det blir konsert med dei flotte lokale talentane frå ZingZang før løpa. I tillegg kjem Kiwi med bananar og giveaways til alle barn etter målpassering!

Rammane rundt barneløpa er minst like gode som i løpa for dei vaksne - kanskje enda betre - so dette vil ikkje barna gå glipp av!

Det einaste ein må gjere for å delta på MiniMila og/eller KnøtteMila, er å møte opp i god tid søndag 8. september og hente startnummer i Nordhordlandshallen.

Start konsert kl. 1200, Knøttemila er ca. kl 1230 og Minimila ca. kl. 1300.

Meir om Minimila og Knøttemila kan ein lese her.

Godt stemning på Konserten med ZingZang i 2022. ZingZang kjem også i år og har konsert før MiniMIla og KnøtteMila startar

Knarvikmila Admin